English Espanol



      
 

Fakta

 

Skulen ligg i sentrum av Førde by.
Ein vakker haustdag i oktober skin sola enno på skulebygningane medan elevane har storefri. Snart vert ho borte til februar månad.
Lyden av leikande born i blanding med eit pulserande sentrumsliv kan ein høyre heilt til toppen av Hafstadfjellet.
 
Skulen er ein barneskule med om lag 250 elevar fordelt på 14 klassar. Det er til vanleg to klassar på kvart årssteg. Elevane kjem frå Kvieneset på nordsida av Førdefjorden i vest til området Presteholten i aust. I tillegg finn ein elevar frå sentrum sør og Bruland. Skulen tek imot born frå mottakssenteret på Bergum. Mange ulike nasjonar er representerte ved skulen, og over 10 % av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn. Med mottaks-klasse og integrering av born frå mottakssenteret har skulen eit sterkt fleirkulturelt preg. Skulen er med på satsing for å møte utfordringar med tanke på migrasjons-pedagogikk og for å hauste frukter av det fargerike fellesskap ein har ved skulen. Skulen har morsmålsundervisning for tospråklege elevar og eiga skulefritidsordning.
 
 
Skjerma frå det travle sentrum
ligg skulen plassert i ein eldre og roleg del av Førde.
Hovudinngang frå Elstervegen.
 
Mellom skulebygningane er eit stort område med god plass til aktivitetar.
 
Førde barneskule ligg i sentrum på nordsida av elva, nær kyrkja, i ein del av Førde som har gammal busetnad. Den eldste bygningen vart såleis 110 år og hadde ei lang historie. Skulen har dei siste åra fått nytt tilbygg til kontor og arbeidsrom, og har vore inne i ein anleggsperiode med nybygging og rehabilitering etter at gamleskulen vart brannherja i november 2003.  Nyeskulen stod ferdig våren 2007.
 
 
 

Berre steinkast frå skulen ligg fleire større kultur-institusjonar og bygg med service-funksjonar som ein kan spele på lag med:

  • Kyrkja m/ kyrkjelydshuset
  • Førdehuset m/symjehall, bibliotek, idrettshall, kunstnarsenter
  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • Musikkskulen
  • Førde ungdomsskule
  • Helsetunet
  • Idrettsanlegg m/kunstgrasbane

Filer til nedlasting