Foreldre er inviterte til fagkveld om "Barn og media" i festsalen tysdag klokka 18.00. Førdedragshaldar frå Barnevakten.
Barn og unge brukar stadig meir tid på nettet. Kva slags muligheiter og utfordringar finst, og korleis kan dei bli trygge og medvitne brukarar?
Mobiltelefonen har blitt ei multimediamaskin med tilgang til nettet, videokamera, fotoapparat, tv-skjerm, spel og musikk. Korleis kan ein gje barn gode mobilvanar?
Mobbing har teke nye vegar via nett og mobil. Korleis særteiknar slik mobbing seg og kva kan foreldre gjere for å hindre at barn mobbar eller vert mobba?
Set av tid til dette møtet. Lær om viktige tema og del røynsler med kvarandre.