English Espanol



      
 

Støtt våre elevar!

Støtt våre elevar!
I dei siste vekene har to asylsøkjarborn med tilknyting til skulen vår blitt trekte fram i media. Begge har fått avslag på sine søknader.
Ilda frå Kosovo er elev ved  skulen vår.  Jawana frå Sri Lanka gjekk i sjuande klasse i fjor og er no elev ved Førde Ungdomsskule.
Begge har levd mange år i Førde som asylsøkjarborn og har saman med familiane sine i den siste månaden fått avslag på sine søknader.
Mange stiller seg tvilande og uforståande til avslaga og  engasjerer seg no i prosessen kring ankesakene til desse elevane og asylborn sine rettar generelt.  Ut frå SN sin barnekonvensjon finn ein tungtvegande argument for å tale asylsøkjarborna sine saker.
Engasjement frå støttegrupper for elevane og familiane deira har ført til utaler vedrørande ankesakene, eiga heimeside www.barna1.no , facebookgruppe "barna først", , facebookgruppe "Help Jawana stay in Norway" og støttemarkering.  Måndag 15.februar vert det såleis arrangert fakkeltog og samling i kinosalen i Førdehuset klokka 19.00.  Sjå  flygeblad.  Møt fram og gje di støtte!